LA9K - Kristiansandsgruppen av NRRL

.net
Gå til innhold
Antennetrøbbel på Odderøya!
Se her

Kurs for deg som vil bli radioamatør - Sjekk her!

Saker til årsmøtet må sendes broa@la9k.net innen 29/2!

Tysdag 4. februar. Godt oppmøte i kveld. Vi hadde vitjing frå Arendalsgruppa. Som vanleg god diskusjon rundt tekniske problemstillingar og løysingar. Kaffien gjekk unna. Det var med naud og neppe at kaffikokaren (den lisensierte) klarte å halde unna. Hadde ikkje andre trødd til så veit eg ikkje korleis det hadde gått :-)  
Tysdag 11. februar 2020
Dropin på LA9K. Kurskomiteen hadde møte for å planlegge kurs nå i vår.
Planen er å starte i byrjinga av mars.
Torsdag 13 februar 2020.
Då var det tid for gruppemøte att. Godt frammøte. Asle, LA2JEA fortalte frå sambandsoppdraget gruppa hadde for Rally Sørland. Kristiansandsgruppa gjorde ein imponerande innsats med å hjelpe KAK med sambandet under Rally Sørland i 2019. Primus motor har vore Kjell, LA2QNA og Asle, LA2JEA. Fleire andre har også lagt ned mange timar i dette prosjektet. Det har også ført til ei kjærkomen inntekt for gruppa. KAK var særs nøgd med sambandet i 2019. Gruppa har fått oppdraget for 2020 også og sannsynligvis for komande arrangement. Dei same karane styrde også sambandet under Rally Grimstad i 2019 på same effektive måte. Godt jobba :-)

Medlemsmøte hver andre torsdag i måneden.Drop-in tirsdag kveld og lørdag formiddag.Sjekk møtekalenderen!Ikke medlem? Meld deg inn i dag!

Besøkende:

hit counter
Tilbake til innholdet