MAI 2020 - NYE LA9K

LA9K
KRISTIANSANDSGRUPPEN AV NRRL
VI ER QRV 145.750 SUBTONE 100HZ
Go to content

MAI 2020

MØTER/DROP-IN
1. MAI 2020
I dag monterte vi dipolantenne for 80m, 60m og 30m. Det er LA3ZH, Leif og LA2JEA, Asle som har stått for jobben med antenna.
Det vart montert ein bom i antenna med to trinser. Den eine vart brukt til antenna vi monterte i dag. Då er der ei ledig trinse ferdig montert med tau for framtidig antenneprosjekt :-)
Dei som var med i dag var LA2JEA, Asle (prosjektleiar/tauknyttar), LB2S, Tore (supervisor/HMS), LA3ZH, Leif (antenneanalysatorekspert). Dessverre så har vi ikkje bilete av Leif i dag men det kjem nok.
Så var det LB7XI, Morten (castingekspert) og LA3QJA, Tarjei (apekatt). Monteringa gjekk bra. Fekk hengt opp alle 6 trådane i passande tre. Vi fekk ikkje tid til å tune antenna så vi får ein omgang med å heise antennetrådane ned og opp, hi.
9. MAI 2020.
I dag er det justering av den nye dipolantenna for 30m, 60m og 80m. LA3ZH, Leif ventar spent ved antenneanalysatoren. LA7HKA, Lars Erik og LB7XI, Morten stod for heising og kutting under kyndig kameraovervaking av LA8DW. Det er mykje arbeid då 6 "endar" må heisast ned og opp kanskje fleire gonger før "antenneeksperten" (les LA3ZH) er nøgd. Det ferdige resultatet må ein seie er heilt topp. Fullt på høgde med det beste i byen. Nå har LA9K antenner for alle HF-band :-)

LA9K MEDLEMSMØTE ANDRE TORSDAG I MÅNEDEN DROP-IN TIRSDAG KVELD OG LØRDAG LA9K

BESØK LA9K.NET FRA START 358000 (update 03-12-2019)
Back to content