JANUAR 2020 - NYE LA9K

LA9K
KRISTIANSANDSGRUPPEN AV NRRL
VI ER QRV 145.750 SUBTONE 123.HZ
Go to content

JANUAR 2020

MØTER/DROP-IN
Laurdag 4. januar. Ikkje det heilt store frammøtet. Veret kunne ein ikkje klage på. LB2S (Ex. LA8GT) er god i gang med avslutninga av rekneskapen for 2019.
Torsdag 9. januar. Det var tid for det første Gruppemøtet i 2020. Frammøtet var bra. Alle frammøtte vart ikkje med på biletet. Webmaster var seint ute med å ta bilete.
LA3QJA snakka om og demonstrerte DOSBox som er eit program som simulerar DOS og som gjer at ein kan køyre gamle DOS program utan å måtte bruke ein steingammal PC.
Demonstrerte innstallering av DOSBox og køyring av eit DOS program frå Erocsson for programmering av F800 radio. Etterpå var det tradisjonell servering.
Tysdag 14. januar. Godt frammøte på Drop-in. Kasseraren sikra kontroll på kaffikassen. Diskusjonen gjekk livleg føre seg slik som forventa. Mange gode tips å hente :-)
Tysdag 28. januar. Godt frammøte på Drop-in. Fekk besøk av nylisensiert radioamatør frå "Ytre" Vågsbygd. LB2S er snart i boks med rekneskapen. Trur han ser fram å bli ferdig :-)

LA9K MEDLEMSMØTE ANDRE TORSDAG I MÅNEDEN DROP-IN TIRSDAG KVELD OG LØRDAG LA9K

BESØK LA9K.NET 465005 (update 10-03-2023)
Back to content